Tekstforfatter: Lars Inge Lønning
Komponist: Lars Inge Lønning

Eg er ein slagen mann, og eg syng som om det er det eine eg kan
Her står eg ved ein kjend dikters grav. Blæra følast som eit opprømd hav
Ja, eg er ein slagen mann, men auge for auge og tann for tann
No har eg reist langt for å bekjenna min tro. Drukket litersvis. Ikkje vore på do

Er dette verkeleg? Er eg verkelig her?
Tør eg gjenomføra plikta før eg fær?

Alt Ivar Aasen stod for ligg no i ruin.
Det er ikkje å kome bort frå Henrik, skulden er din!
For du holdt fanen høgt, var ein riksmåls-profet.
Men kvifor du svikta er det ingjen som vet

Du burde vite Henrik, hemnen den er søt
Mi hemn er lysegul, kroppstemperert og bløt

Ref:
Ja no lirkar eg hemnaren fram (og)
Eg ler hånleg, ja eg skrattar mens eg latar mitt vann
Du din svikar av ein riksmålsmann
Eg fukter din jord og eg vanheligar ditt namn
Sjå no dansar eg ein halling på deg,
slår meg på hælen og synger eit hatefullt stev

Syng duddeli duddeli dei, eg migar på Ibsen, eg migar i vei
Syng duddeli duddeli dei, eg migar på Ibsen, eg migar i vei

Ref:
Så no lirkar eg hemnaren fram
Eg ler hånleg, ja, eg skrattar mens eg latar mitt vann
Du, din svikar av ein riksmålsmann
Eg fukter din jord og eg vanheligar ditt namn
Sjå no dansar eg ein halling på deg,
pekar nase ogsynger eit hatefullt stev